Blix sitt oldebarn og tippoldebarn let seg imponere

Blix sitt oldebarn og tippoldebarn let seg imponere

– Ei fantastisk oppleving!

Imponerte: Elisabeth Blix Bondevik (t.v.) og dottera Anne Marit Blix Bondevik er oldebarn og tippoldebarn av Elias Blix. Dei var svært imponerte over salmekvelden i kyrkja.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Elias Blix er ein av dei som gjennom 100 år har hatt mest å seie for nynorsk kyrkjemål

Per Halse
Nyheiter

To personar var i ei heilt spesiell «setting» då det vart invitert til Elias Blix-kveld i Ørsta kyrkje fredag: Blant publikum i den fullsette kyrkja fann vi nemleg samlediktar Blix sitt oldebarn Elisabeth Bondevik og tippoldebarnet Anne Marit Blix Bondevik, mor og dotter frå Ålesund. Elisabeth Bondevik er til og med fødd hundre år etter Elias Blix. Mor og dotter var storleg imponerte over kvelden.