Stikk UT! 2019

398 turmål i fylket - 15 i Ørsta

Det nærmar seg: 1. mai startar Stikk UT!- sesongen 2019. I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Bjørdalen: Eitt av årets Stikk UT!-turmål, ein runde rundt Litledalsvatnet i Bjørdalen. Arkiv  Foto: Malene Romestrand

Nyheiter

Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i fjor. I år håper vi at endå fleire blir med. Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt.

Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund.

For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.

Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske.

Ørsta

Brekkeheida frå Hellevegen

Den Julianske borg

Elvaråsa (Barstadvik)

Høgeheida

Kalvedalen

Kamben på Bjørke

Levandehornet

Melssetra opp Melsfjellvegen

Olavshola, Sæbø

Rambjøra

Rundt Litledalsvatnet i Bjørdalen

Rundtur Ytrehovdeåsen frå Badeberget

Sledalen-Bakkedalen

Urkeegga

Øysehjølet

Volda

Dinglavatnet

Elvadalen til Årneset

Fyrdsheida

Galten

Gildrehammaren

Haralddalssætra

Helgehornet - langs vestryggen

Heltnelihuken

Høgåsen

Kalsethola

Keipen

Lidaveten

Rotsethornet-Høgedalen

Setrevatnet/Folkestadvatnet

Torviksætra

Ulstein

Aursnesvatnet rundt

Blåtinden

Breifjellet

Garnestua frå Løset

Garnesvatnet

Gôtene, (Hokksteinen) Flø

Høgda på Eika

Høgåsen frå Kleven

Lisjenotten

Nibben

Nissevegen

Osberget nord

Roppehornet

Røyrafjellet

På Sunnmøre er det i tillegg Stikk UT!-mål i Ålesund, Sula, Stranda Norddal, Stordal, Skodje, Haram, Giske, Ørskog og Vestnes.