God dag-praten med Elisabeth Meland Aasen

«Eg ønskjer meg ein fast marknadsdag i sentrum av Ørsta»

  Foto: Privat

Nyheiter

Korleis ser kvardagen din ut?

Min kvardag er innhaldsrik. I fyrste rekkje prioriterer eg min kjære son, Edvin. Vi trivst og bur i Volda, vi gjer det beste ut av kvar dag. Elles så kjem trening, mindfulness og sosialt med gode vener som andre nemneverdige punkt.