Var på barneheim i Ørsta - får oppreising

28 tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal har fått orsaking og oppreising, og fleire har budd i Ørsta.

Åge Brekk er sekretariatsleiar i oppreisningsordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune.  Foto: MR Fylkeskommune

Nyheiter

Ordninga der tidligare barnevernsbarn kunne søke om kommunal oppreisning for omsorgssvikt og overgrep, er no avslutta etter to år.  I følge sluttrapporten søkte totalt 31 personar om oppreisning, av desse 17 menn og 14 kvinner. 28 av søkarane fekk innvilga søknaden.

- Fleire søkarar har meldt tilbake at det var ei stor lette endeleg å kunne fortelle om det skrekkelege som dei hadde vorte utsett for i barndomen. Det verka positivt for dei å bli trudd av utvalet som representerte dei offentlege organa som hadde ansvaret for oppveksten deira. Ikkje minst var det viktig for dei at det offentlege til slutt tok ansvaret for den uretten som dei blei utsett for, seier seier Åge Brekk, sekretariatsleiar i oppreisningsordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Ordninga i Møre og Romsdal og elles i landet vart oppretta etter det vart at avdekt klanderverdige forhold ved mange barnevernsinstitusjonar mellom 1940 og 1980. Målet var å uttrykke eit moralsk ansvar og gi ei orsaking til barnevernsbarna det gjaldt. I tillegg kunne dei få eit oppreisningsbeløp på høgst 400.000 kr. Beløpet skulle ikkje vere ei vedgåing av juridisk ansvar, men meir som ei ‘handsrekking’.

– Nokre ga uttrykk for at det å bli trudd var viktigare enn pengesummen dei fekk, seier Brekk.

Til saman blei 6.667.500 kr utbetalt i oppreising. Kommunane som plasserte ut barna har utbetalt 6.177.500 kr, medan fylkeskommunen har utbetalt 500.000 kr til fire søkarar.

I søknadane beskreiv dei tidligare barnevernsbarna korleis dei vart forsømte og utsette for fysiske overgrep.

– Det søkarane har opplevd understrekar kor viktig det er at barn og unge ikkje vert overlatne til seg sjølve, når det offentlege har omsorga for dei. Det må vere eit samfunnsansvar å verne dei mot mishandling og overgrep. Det må settast av  tilstrekkelege ressursar til å føre eit reelt tilsyn og kontroll med slike omsorgstilbod, seier Brekk.

Ordninga har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen og 30 kommunar i fylket og gjaldt opphald i barneheim og spesialskole. Av dei som søkte oppreisning, var 18 plassert på ulike barneheimar, av dei ni på Sunnmøre barneheim/ungdomsheim i Hovdebygda.

Sunnmøre barneheim i Ørsta vart etablert i 1908 av Sunnmøre indremisjon som sto som eigar av institusjonen fram til 1987, då Møre og Romsdal fylkeskommune overtok for å gjere den om til ungdomsheim.