Mørenett tente meir

Mørenett AS oppnådde eit resultat etter skatt på 78 millionar kroner i 2018.

Mørenett hadde eit godt år i fjor.  Foto: Illustrasjonsfoto:Mørenett

Nyheiter

Driftsinntektene vart 593,3 millionar kroner i 2018, og driftsresultatet vart 117,9 millionar kroner. Det er 29 millionar kroner betre enn i 2017, skriv selskapet i ei pressemelding

– Vi er godt fornøgde med resultatet i 2018. Eit av måla ved etableringa av Mørenett var å sikre 100 prosent effektiv drift i løpet av 2018 målt i NVE sin reguleringsmodell. Det målet har vi nådd. Kompetansebygging og systematisk forbetringsarbeid er viktig for oss i ein bransje som er i stor endring, seier adm. direktør Rune Kiperberg.

Adm. direktør Rune Kiperberg i Mørenett.  Foto: Peder Otto Dybvik

 

Omfattande investeringar i kraftnettet

Mørenett AS legg bak seg eit år med omfattande investeringar,mellom anna fornying av transformatorstasjonen i Volda. I distribusjonsnettet har Mørenett AS ferdigstilt mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Byte av nye straummålarar (AMS-målarar) var også eit krevjande prosjekt i 2018, med byte av over 60 000 målarar.

Elektrifisering i regionen

Noreg har mål om berekraftig energibruk og reduserte klimautslepp. Elektrifiseringa av samfunnet set store krav til kraftnettet som infrastruktur, og Mørenett er ein viktig samarbeidspartnar for ei grønare og meir energieffektiv framtid.

–  Det første store prosjektet knytt til elektrifisering i området vårt er å etablere ladepunkt for nye elektriske ferjer. Hittil er det bestilt ladepunkt til 13 samband. Auken av private elbilar er også døme på ei utvikling som stiller krav til forsterking av nettet, seier Kiperberg.

Nedgang i kraftforbruket

Mørenett har distribusjonsnett på søre og nordre Sunnmøre, og om lag 65 500 målepunkt i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet hatt ein nedgang på 9 GWh.

Mørenett hadde 143 fast tilsette og 8 lærlingar i 2018.