Gjer comeback som ordførarkandidat

Volda Venstre hentar fram politisk veteran.

  Foto: Privat

Nyheiter

Hallvard Bjørneset gjer comeback, og toppar for Volda Venstre til kommunevalet.

Volda Venstre har nominert 21 kandidatar til kommunestyrevalet, og der dei seks fyrste er gjeve røystetillegg.

– Vi er svært nøgde med at Hallvard Bjørneset sa ja til å vere ordførarkandidat, seier lokallagsleiar Hogne Kvangarsnes på vegner av eit samrøystes nominasjonsmøte i ei pressemelding.

– Eg har valt å engasjere meg i politikken igjen fordi vi står framfor ei tid der mange viktige saker vil avgjere kva samfunn Volda skal vere. Eg trur bakgrunnen min frå næringslivet vil vere nyttig i arbeidet med å legge til betre rette for handel- og næringsverksemd i Volda, seier Bjørneset.

Venstre si valliste ser slik ut:

1. Hallvard Bjørneset (kum)

2. Brynhild Lund Notøy (kum)

3. Benedikte Holmberg (kum)

4. Idar Flo (kum)

5. Torunn Lødemel Stokkeland (kum)

6. Sindre Furland (kum)

7. Hjalmar Eiksund

8. Christine Helgesen Haugen

9. Håkon Ragnar Hagen

10. Ingrid Kristine Sylte

11. Knut Nautvik

12. Nina Lødøen Øen

13. Hogne Kvangarsnes

14. Norunn Holmøy-Wang

15. Martin Dypvik Notøy

16. Gunnhild Larsgård

17. Tor Mikalsen

18. Johann Roppen

19. Thomas Busker Larsen

20. Jose Rodrigo Pacheco Valle

21. Reidun Heimen Heltne