Fryktar innseglinga vert for grunn

Ber kommunen om synfaring.

Ørsta småbåthamn. Vikeelva (t.v.) kjem ut i innseglinga til hamna.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Ørsta Småbåtlag fryktar at innløpet til småbåthamna i Ørsta er i ferd med å verte for grunn. Årsaka er tilsig av sediment frå Vikeelva.

– Dette ser ut til å kome frå arbeidet med fonnvernet på Vallabøen, skriv styreleiar Kjetil Leira til Ørsta kommune. Han ber om ei felles synfaring i hamna.