Lokalt Røde Kors hjelpte passasjerar frå Viking Sky

– Dei har hatt ei ekstrem oppleving

17 personar frå lokalt Røde Kors reiste til Molde søndag for å hjelpe til i arbeidet med å ta imot passasjerar frå Viking Sky.

Molde: Cruiseskipet Viking Sky kom til Molde 24. mars, etter problema som oppstod over Hustadvika laurdag. Røde Kors frå fleire stader i fylket var på plass for å ta imot passasjerane. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix  Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Nyheiter

Det var 1.373 personar om bord då Viking Sky fekk motorstans ved 14-tida laurdag, utanfor Hustadvika. Rundt 470 passasjerar vart heisa om bord i helikopter i ein omfattande redningsaksjon. Totalt har 27 personar vorte behandla på sjukehus i Molde og Kristiansund etter hendinga med cruiseskipet. Tilstanden blir kalla som alvorleg for ein av desse, vert det opplyst frå NTB.