Formannskapet vil verte kvitt motsegna i sentrum

Vil ha mekling for å få løyst sentrumsfloken

Ørsta formannskap som planutval vil samrøystes at kommunen skal møte Fylkesmannen til mekling for å verte kvitt motsegna i den nye sentrumsplanen.

Motsegn: Er det mogleg å få Fylkesmannen til å trekke motsegna ved mekling? Det er eit sentralt spørsmål for at sentrumsplanne for Ørsta skal kunne vedtakast. Planutvalet håper.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Motsegna hindrar utvikling i sentrum, og politikarane er lei dette.

Planutvalet meiner Ørsta kommune har kome med ei forsvarleg avklaring av det som no er stridens kjerne, støyspørsmålet, og vil ha mekling snarast slik at den nye sentrumsplanen kan vedtakast. Det var lagt

motsegn til totalt 16 punkt i planen (ni frå Statens vegvesen, seks frå fylkeskommunen og ei

frå Fylkesmannen). Motsegnene frå Statens vegvesen og fylkeskommunen er stort sett

avklara, og vil truleg verte trekte innan kort tid. Motsegna frå Fylkesmannen retta seg mot

handtering av støy. Fylkesmannen viser m.a. til at det måtte gjerast ei meir

detaljert støyvurdering og at det må stillast plankrav til dei områda som ligg i gul og raud

støysone.

Asplan

Kommunen engasjerte Asplan Viak til å utarbeide eit framlegg til korleis ein best kan

handtere støy i planen. Dette notatet konkluderte med at ein burde utarbeide eit støysonekart i fire meters høgde, som grunnlag for ei

omsynssone med krav om konkrete tiltak utan krav om detaljreguleringsplan.

Fylkesmannen meiner dette ikkje er godt nok, og vil at det må stillast detaljplankrav i gul og

raud sone. Ørsta kommune har prøvd å imøtekome Fylkesmannen sin ønske, men Fylkesmannen er framleis ikkje nøgd. Difor er motsegna halden oppe.

Men å skulle stille detaljplankrav til mest alle område i områdeplanen meiner rådmannen vil gje

unødig omfattande prosessar. Difor håper kommunen at mekling kan løyse saka.

i formannskapet håpte den eine etter den andre på ei løysing for den viktige sentrumsplanen.

– Anten må vi no få velsigna planen, eller så må vi få lagt inn kvite felt i reguleringa slik at vi kan kome vidare. Det skjer så mange spennande ting i Ørsta framover, og no må vi få fart i planane, sa ordførar Stein Aam.

Gunnar Knutsen (V) sa at han meinte at Ørsta vert småleg handsama av Fylkesmannen i denne saka.

– Det verkar som at vi berre er ei bygd ved E39.