Ja til ny ungdomsskule

– Eg ser det som viktig, og då snakker eg til de som eigarar, at vi no får sikra framdrift for å få bygge ein ny Volda ungdomsskule.
Nyheiter

Det sa oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik i Volda kommune til medlemmane i tenesteutvalet for oppvekst kultur onsdag. Utvalet handsama saka om den vidare prosessen for ny ungdomskule i Volda. I byrjinga av februar var saka oppe i formannskapet, men der var den utsett til tenesteutvalet hadde handsama saka.