- Det er no det startar

Spår 50 prosent auke for lokalt reiseliv

– Det er no det skjer. No er det slutt på store ord og visjonar i festtalane. No gjer vi ord og visjonar til handling.

Rekkedal: Bjarne Rekkedal er styreleiar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og driv også sitt eige gjestehus saman med kona Margrethe, på Rekkedal i Bondalen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Reiselivet kan verte det vi har høyrt om berre i festtalar

Bjarne Rekkedal
Nyheiter

Styreleiar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS), Bjarne Rekkedal har turisme og reiseliv som levebrød og livsstil. Som styreleiar i DÅS er han med på å meine noko om framtida for bransjen på heile Sunnmøre. Lokalt driv han sitt eige gjestehus saman med kona Margrethe, på Rekkedal i Bondalen. Ingenting kjem gratis. Lokal dugnadsånd og samarbeid må til, for å halde hjula i gang.