Stamina Trening vert større

Norsk Treningshelse AS som eig Stamina Trening AS, kjøper 100 % av aksjane i Family Sports Club. Stamina har mellom anna treningssenter i Volda.

Større: Stamina Trening i Volda vert del av ei større kjede.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Dei to største eigarane i Norsk Treningshelse, idrettslegen Arne Instebø og Trond Mohn, har ambisjonar om å vidareutvikle drifta av Norges nest største treningssenterkjede, nå også med ei samanslåing med Family Sports Club som med sitt kjedekontor no vert ein del av Stamina Trening AS.

FSC sine 14 sentre blir verande lokalt eid og vert knytt til inn i felles kjede med Stamina Trening AS.

Til saman blir det 56 senter og over 70.000 medlemmer under same paraply. Stamina Trening og Family-sentera har ein veldig lik profil. ’

– Alle sentera er viktige aktørar og bidragsytere innan trening som med et bredt treningstilbod sikrar at mange hoeld seg aktive. Kjeda ønsker å fortsette sitt arbeid med å ta ein tydeleg posisjon innan helse, med konseptet som vart lansert i haust – Frisk, heiter det i ei pressemelding.