Ny fusjonsdebatt om Høgskulen i Volda

Etter siste styremøte er debatten om fusjon i gang igjen ved Høgskulen i Volda.

Sjølvstendig: Høgskulen i Volda er inntil vidare ei sjølvstendig eining. 

Nyheiter

(NPK) – UiB kan diskutere fusjon viss det er noko Høgskulen i Volda ønskjer. Men eg kan ikkje seie noko om korleis styret mitt vil stille seg til dette, seier rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.

Ved høgskulen på Nordvestlandet går nemleg debatten internt om kvar vegen vidare skal gå – aleine eller saman med andre, og høgskulestyret er delt om dette. Rektor Johan Roppen i Volda har derfor sendt e-post til fleire rektorar for å høyre korleis deira institusjon stiller seg til framtidige strukturar.

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen svarte mellom anna dette:

– UiB har i dag sjølv ingen konkrete planar om fusjon(ar) eller fått førespurnad om slike. Vi ønskjer derimot velkommen diskusjonar om fagleg, organisatorisk og strukturelt samarbeid med Høgskulen i Volda; dette omfattar diskusjon om fusjon dersom det skulle vere ønskjeleg sett frå Høgskulen i Volda si side, skriv Olsen, ifølgje På Høyden.

I 2016 inngjekk UiB og Høgskulen i Volda ein avtale knytt til samarbeid innan nokre fag, mellom anna mediefag. Avtalen gjeld til september 2019.

– Det er ikkje tvingande naudsynt for oss å finne fusjonspartnarar, men eg tenkjer at ein kan vurdere andre interessante samarbeidsflater, seier Olsen.