80 år sidan ho vart gjeven i gåve

No kan Fontena endeleg få ein stad å vere

Det går mot ei løysing for plassering av Fontena. Ho skal plasserast og oppattbyggjast i trekantparken mellom Vikegata og Ivar Aasen-gata.

Ved Vikegata: Anne-Mari Øyehaug og Bjørn Krøvel i Ørsta sogelag er glade for at kommunen no arbeider med å sikre området i parken mellom Vikegata og Ivar Aasen-gata til den gjenskapte Fontena. – Her skal ho kome i all si prakt, og vatnet skal sildre, fortel dei to entusiastane.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Ja, no ser vi ei løysing. Her er framleis ting som må løysast, men vi opplever kommunen som konstruktive, seier Bjørn Krøvel i Ørsta Sogelag.