Heimevernet skal øve

  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Frå laurdag og i ei veke framover skal Heimevernet på Søre Sunnmøre ha si årlege øving. Desse dagane blir det difor militært personell å sjå i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda og Ørsta.

Det vil også bli uniformert personell med våpen i gatene, heiter det i ei pressemelding frå Heimevernet.