Vekas kulturminne

Sentrale kulturminne som har sett betre tider

Husa i Anders Aarsæther-gata ligg sentralt, og er viktige kulturminne.

Sentrale kulturminne: Dette trehusmiljøet i Anders Aarsæther-gata er eit viktig kulturminne i Ørsta, men bygningane og gata har sett betre dagar. Til venstre er Brekkehuset, der den første friskulen til haugianarane heldt til.  Foto: Svein Aam

Vekas Kulturminne
  • Møre-Nytt presenterer kvar veke eit av kulturminna i Ørsta.
  • Utgangspunktet er Kulturminneplanen til Ørsta kommune, med 145 identifiserte kulturminne.
Nyheiter

Kvar veke presenterer Møre-Nytt eit av kulturminna i Ørsta. Denne veka: Anders Aarsæther-gata.

I Anders Aarsæther-gata i sentrum er fleire hus med stor kulturhistorisk verdi, slik som Brekkehuset, Liadalhuset og Lystadhjørnet.

Mannen som gata har namnet etter er ein av Ørsta sine store søner. Han flytta til Ålesund og etablerte fiskerikonsernet Brødrene Aarsæther.

Lystadhjørnet må kunne kallast eit ikonisk hus i Ørsta, der det ligg på hjørnet til gamle Haldeplassen.

Lystadhjørnet  Foto: Svein Aam

 

I Brekkehuset budde kunstnaren Nils Angell Brekke. Den eldste delen av huset var den første friskulen til haugianarane i Ørsta. Haugianarane spelte ei viktig rolle i nærings- og trusliv i Ørsta.

Det må vere lov å peike på at tilstanden til husa ikkje ser ut til å vere den beste.

Inge Kolås og hans folk arbeider med å pusse opp Brekkehuset, men det har vore stillstand ei stund