Stengjer Eiksundtunnelen tysdag

- Publikum vil sjå røyk frå tunnelen på begge sider under øvinga

Fv. 653 Eiksundtunnelen blir stengt tysdag 19. mars frå kl. 18.45 til 21.30, melder Statens vegvesen.

Øving i Nishammartunnelen.  Foto: Silje Drevdal

Nyheiter

Årsaka er at vegvesenet, saman med naudetatane, skal øve på brann i tunnelen.

Publikum vil sjå røyk frå tunnelen på begge sider under øvinga, informerer vegvesenet.

- Det skjer færre ulykker i tunnelar enn på vegane, men ulykkene i tunnelar blir ofte meir alvorlege. Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane og difor veldig viktig å øve på, fortel brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Krav om øving

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane. Brann og redningstenesta i Volda, Hareid og Ulstein, Ørsta og Hornindal deltek i øvinga, saman med politi, ambulanse og Statens vegvesen sin vegtrafikksentral.

I tillegg til varsling, kommunikasjon mellom alle aktørane, bruk av sikkerheitsutstyr og planverk vil saman med samhandling vere viktige tema i øvinga. 

Viktig for tryggleiken

- Det er viktig for tryggleiken både for dei som køyrer i tunnelen og for dei som skal gjere ein innsats om ulykka har skjedd at det blir øvd i tunnelane våre. Difor håpar vi at trafikantane har tolmod med oss  i den tida vi må stenge Eiksundtunnelen for å øve og planlegg køyreturen etter det, seier Olav Amund Myklebust i Statens vegvesen.

Det er omkøyring via fv. 61 Hareid-Sulesund og E39 Festøya-Solavågen. Omkøyringa inneber to ferjer og for dei fleste trafikantar vil det difor vere best å planlegge køyreturen utanfor tidspunktet der tunnelen er stengt.