Planlegg masseuttak i Flåvika

Det ligg føre planar om masseuttak i Flåvika på Vartdalsstranda.

Masseuttak: Går alt etter planen kan det verte teke ut 1,6 millionar kubikk steinmasse i Flåvika.  Foto: Google

Nyheiter

Det har vore oppstartsmøte i samband reguleringsplan for masseuttaket der Steinar Masdal, Knut Petter masdal og Bjarte Friisvold (konsulent) møtte som forslagsstillarar.

Føremålet med planarbeidet er å etablere masseuttak for 1,6 million kubikk masse, massedeponi og eventuell framtidig næringsområde etter avslutning av masseuttaket.

Deler av planområdet er bandlagt for planlegging av framtidig fjordkryssing.

– Vegvesenet utgreier mange ulike trasealternativ, m.a. bru over Vartdalsfjorden. Ut frå dei alternativa som er vurdert no vil masseuttaket truleg ikkje kome i vesentleg konflikt med veglinja, men det er knytt stor usikkerheit til traseval, så ein kan ikkje utelukke at det kan kome ein tunnel/bru i området, heiter det i referatet frå oppstartsmøtet.

Der vert det også peika på at føremålet med reguleringsplanen i Flåvika ikkje er i samsvar med overordna plan. Kommunen ønskjer difor å få vurdert  spørsmålet i politisk førehandsvurdering.