Lagsvener i djup sorg etter dødsfallet

Det var 51 år gamle Egil Rune Åmbakk som omkom i den tragiske skredulykka ved Brunstadhornet, laurdag.

Egil Åmbakk.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Åmbakk var ein kjent og kjær person i det lokale alpinmiljøet, og har også i mange år vore leiar for alpingruppa i Ørsta IL. No var han trenar for dei yngre alpinistane i U14 og U16-gruppa i klubben.

– Det er heilt meiningslaust at Egil vart riven bort så brutalt. Tankane våre går no til dei pårørande som sit att. Vi må prøve å støtte dei så godt vi kan, seier Geir Ove Molvær, leiar i alpintgruppa, til Sunnmørsposten.

Alle i klubben er svært prega av tragedien. Som følge av dødsfallet, vart helgas KM i slalåm avlyst. Det same vart årsmøtet til alpingruppa, som skulle haldast måndag.

– Vi er i sjokk alle saman. Egil var ein kjernekar, ein ja-mann som alltid stilte opp, seier administrasjonssjef i skikrinsen, Stig Aambø, til Sunnmørsposten.

– Han var ein av dei største alpinprofilane vi hadde. Han har vore krinslagstrenar og sat lenge i alpinkomiteen. Dette var heilt forferdeleg å høyre, seier han.

– Ein kjernekar

Også Saksa Turstiforeining på Urke har lagt ut minneord etter Egil Åmbakk. Han var svært aktiv i foreininga, som vart skipa av kona Bente i 2015. Etter at Bente døydde i 2016 tok han over som primus motor, og var også den som starta opp Urke Challange (Saksaløpet). Turstiforeininga skriv m.a. dette på sine Facebook-sider:

«Det var med vantru vi tok imot den triste bodskapen om at Egil var teken av eit snøskred. Egil var ein av dei som sytte for at søknader og finansiering av prosjekta vi hadde fekk inn midlar. Desse midlane vart mellom anna brukt til å leggje trapper frå Urke til Bentebu. Det å sluttføre dette var noko han brann for. Det siste store prosjektet han var med å starte var gapahuken på Klokkseggja. Han gledde seg svært til vi skulle bli ferdig. Egil var ein som gjorde at det å vere på dugnad på Urke var kjekt. Han var humoristisk og kunnskapsrik, og folk fekk alltid inntrykk av å ha lært noko nytt kvar gong dei hadde vore saman med han. Vi har mista ein kjernekar, ein ven og ein stor ressurs for Urke og Hjørundfjorden. Vi sender dei varmaste tankar til borna og til resten av familien.»