Dømd for bedrageri av NAV

Ei kvinne i 50-åra, busett i Ørsta kommune, er dømd til fengsel på vilkår for bedrageri av NAV.

Dom: Ei kvinne i 50-åra er dømd til fengsel på vilkår for bedrageri.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

I ein periode på om lag ti månader frå 2016 til 2017 gav kvinna uriktige opplysningar til NAV. Kvinne opplyste at ho hadde arbeidd 650 timar, men sanninga var at ho hadde arbeidd 1004,5 timar. Dette medførte eit tap av 62.102 kroner for NAV.

I Søre Sunnmøre tingrett sa kvinna seg skuldig. Retten fann det bevist at kvinna hadde gjort det ho var sikta for. I tillegg til at kvinna hadde vore grovt aktlaus. Det vart lagt ned påstand om straff på vilkårsbunde fengsel i tjue dagar. Retten sat straffa til vilkårsbunde fengsel i tjuetre dagar. I formildande retning vart det lagt vekt på tilståinga til kvinna. Etter ei samla vurdering vart straffa sett atten dagar vilkårsbunde fengsel. Fullbyrdinga av straffa er utsett med ei prøvetid på to år.

Etter å ha fått opplese avgjerda vedtok kvinna dommen.