134 søkte barnehageplass i Ørsta

Torsdag 7. mars var det felles opptaksmøte i Ørstabarnehagen. Følgande opptak vart gjort:

Barnas Vel: Det er 134 søkjarar i Ørstabarnehagane i år, fordelt på .sju kommunale og fire private barnehagar.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

116 søkarar fekk 1. val

10 søkarar fekk 2. val

1 søkar fekk 3. val

1 søkar fekk 4. val

– Vi hadde i år 134 nye søkjarar. Av desse var ein søkar etter fristen 1.mars, opplyser kommunen på sine heimesider

Melding til føresette om opptaket går ut 14. mars og svarfristen er 24. mars.

– Det er viktig at alle føresette svarar på tilbodet dei får via oppvekstportalen, innan fristen. Dersom dei ikkje svarar fell dei ut av lista, og kan dermed misse plassen. opplyser kommunen.

Klagefrist for opptaket er 4. april 2019.