Voldarussen med aksjon onsdag

Krafttak mot kreft

Aksjonskomiteen - Krafttak mot kreft  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Onsdag 13. mars arrangerer Voldarussen den årlege Krafttak mot kreft-aksjonen saman med Kreftforeningen, der over 100 russ kjem til å gå frå dør til dør i Volda og Ørsta.

I årets aksjon samlar vi inn pengar til forsking for at fleire skal overleve kreftformene som i dag har høg dødelegheit, i tillleg til at dei som rammast skal få god oppfylging.

Vi har også opna opp for at andre som vil kan gå med bøsse, desse kan sende melding til 41762673 innan tysdag om dei har lyst å gå. Elles har vi også ei digital innsamling for privatpersonar og bedrifter der folk kan gi eit vagfritt bidrag. Denne finn ein på kreftforeningen.no og heiter "Voldarussen saman mot kreft - støtt saka du óg!" Ein kan også støtte aksjonen via Vipps.

Russen er den største enkeltgruppa som samlar inn penger til kreftforeningen, og det blir lagt ned mykje arbeid frå russen si side i forkant av aksjonen. Difor oppmodar vi alle til å ta oss godt i mot når vi går rundt med bøsser på onsdag, og ha kontantar, eller vipps, klart.