Vil bygge ny Ørsta vgs.

– Vi er nøydde til å gjere noko

Måndag fekk fylkestoppane i Høgre sjå nærare på tilstanden til Ørsta vidaregåande skule. Anders Riise ønsker å kome i gang med prosjekt snarast råd.

Synfaring: Eldar Lund (t.v.) orienterte Monica Molvær, Anders Riise og Charles Tøsse (med ryggen til) om tilstanden på Ørsta vidaregåande skule. Riise er klar på at det er behov for ein ny skule i Ørsta.  Foto: Joachim Åsebø

Denne synfaringa viser at behovet for ein ny skule absolutt er til stades

Anders Riise
Nyheiter

– Prosjektet har førsteprioritet og er først på prioriteringslista når vi no skal handsame økonomiplanen i april. Denne synfaringa viser at behovet for ein ny skule er absolutt til stades. Med synergiane knytt til fylkestannlegeutdanning og kommunen sine behov så er dette er fornuftig og godt prosjekt. I tillegg ligg det godt plassert i sentrum, seier Riise som fylkesordførarkandidat for Høgre i Møre og Romsdal.