Kyr fekk ikkje mosjon - 33.900 kroner i gebyr

Ein gardbrukar får ein streng reaksjon etter at fleire kyr ikkje fekk nok tid på beite.

Beite: Storfe skal ha minimum åtte veker på beite i løpet av sommarmånadene. Mattilsynet reagerer no sterngt overfor ein gardbrukar dei meiner ikkje har oppfylt krava til mosjon. Dei gir ei bot på 33.900 kroner.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Ein gardbrukar i regionen får 33.900 kroner i gebyr for ikkje å ha gitt kyrne sin mosjon. Det er Mattilsynet som gir gebyret.

Saka skriv seg fleire år tilbake. Mattilsynet har ved fleire inspeksjonar avdekt at mjølkekyr i produksjon ikkje hadde fått høve til å ha mosjon på beite eller i luftegard.

Mattilsynet viser til regelverket, der det heiter at storfe skal vere på beite i minimum åtte veker i løpet av sommaren. Viss eigna beite ikkje er tilgjengeleg for fjøs som stod ferdig bygt før 1. januar 2014, skal dyra i staden ha ein eigna luftegard.

Mattilsynet har kome til at lovkravet om mosjon er brote for minst halvparten av buskapen. Mattilsynet kjem til at eit gebyr er naudsynt. Det vart først varsla eit gebyr på 45.200 kroner, men dette er redusert fordi det har kome til ein luftegard. Gardbrukaren kan klage på vedtaket.