Skredulykka

Har frigitt namnet på den omkomne

Det var den 51 år gamle Egil Rune Åmbakk som omkom då han vart teken av eit snøras ved Langsætrane i grenseområdet mellom Sykkylven og Ørsta laurdag ettermiddag. Det melder Møre og Romsdal politidistrikt.

  Foto: Knut Hustad

  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheiter

Namnet på den omkomne vert frigitt i samråd med dei pårørande.

Den omkomne vart måndag ettermiddag henta ut frå skredområdet under Bunstadhornet i Sykkylven. Ham vart funnen klokka 16.03 og frakta ut av området rundt klokka 17.30, melder politiet.

Den omkomne i skredet ved Brunstadhornet var tilsett i Mørenett. Måndag vart det halde minnesamlingar for tilsette både på Mørenett sin base i Dragsund og i Ålesund.

– Bortgangen til kollegaen vår er sjølvsagt djupt tragisk, og tankane våre går no til dei næraste som sit att i djup sorg. Den omkomne var ein svært dyktig fagmann, og ein kollega som var veldig godt likt, seier adm.dir. Rune Kiperberg i Mørenett til Møre-Nytt.

Mørenett sine interne varslingsrutinar vart i helga sett i verk.

– Måndag morgon samla vi alle tilsette for minnestund og for å gi informasjon om ulykka.