210 km/t gjennom Kvivstunnelen

Eit bilete publisert på Instagram viste at den unge sjåføren køyrde i over 200 km/t i Kvivs-tunnelen.

For fort: Ein mann i 20-åra er dømd for å ha køyrt i 180 km/t gjennom Kvivstunnelen.  Foto: Bengt Flaten

Nyheiter

I førre veke vart ein mann i starten av 20-åra dømd til fengsel på vilkår i 120 dagar i Sogn og Fjordane tingrett. Den eine tiltaleposten omhandla køyring i Kvivstunnelen. I januar 2017 køyrde den dømde mannen saman med to kameratar frå Eid til Ørsta. I retten vart det lagt fram eit bilete som viste speedometeret i bilen. Det viste ei fart på om lag 210 km/t. Vitnet som hadde teke biletet var passasjer i bilen. Han forklarte i retten at sjåføren ikkje heldt farta lenge, og at han bremsa ned att nokså fort. Sjåføren erkjente at han hadde køyrt over 80 km/t, men hevda at han ikkje køyrde så fort som 180 km/t.