Siste: Den omkomne vert ikkje henta ut søndag

Nyheiter

Den omkomne i snøskredet ved Brunstadhornet vert ikkje henta ut i dag, melder politiet.

Redningshelikopteret som skulle flyge inn redningsmannskap som skulle hente ut den omkomne frå Ørsta har returnert til Florø grunna dårleg ver.

- Politiet har saman med samvirkeaktørane teke ei vurdering om at det ikkje er forsvarleg å sende inn skredgruppa i dag. Arbeidet vert teke opp att i morgon. Dei pårørande er orientert om vurderinga, seier politiet.