Årsmøte i Møre og Romsdal Bondelag

Odd Bjarne Bjørdal ny nestleiar

Styret i Møre og Romsdal Bondelag. F.v.: Ny fylkesleder Konrad Kongshaug, Averøy, ny nestleder Odd Bjarne Bjørdal, Ørsta, styremedlemmene Vegard Smenes, Averøy, Hilde Kjersem Kolberg, Fræna, Petter Melchior, Norddal, og varamedlemmene Marte Halvorsen, Halsa og Anna Håland Berget, Rauma   Foto: Arild Erlien

Nyheiter

Konrad Kongshaug frå Averøy er valt til ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag etter Oddvar Mikkelsen, Surnadal, som hadde sagt frå seg attval etter tre år som fylkesleiar. Odd Bjarne Bjørdal frå Ørsta er ny nestleiar i fylkeslaget.

Dette går fram av ei pressemelding frå fylkeslaget.

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag vart halde på Molde 8. og 9. mars, og samla 75 utsendingar og gjester. I forkant av årsmøtet var 180 personar samla til landbrukets årlege næringskonferanse med fokus på bondekraft og skaparvilje.

Den nye fylkeslederen Konrad Kongshaug er 41 år og driv spesialisert storfekjøtproduksjon. Han har vore leirar i Averøy Bondelag i fem år, og varamedlem til fylkesstyret det siste året.

Odd Bjarne Bjørdal fra Ørsta vart ny nestleiar etter Gunnhild Overvoll, Stranda, som ikkje stilte til attval etter seks år i fylkesstyret. Det var attval av styremedlem Petter Melchior, Norddal, medan Hilde Kjersem Kolberg, Fræna, kom inn som ny i fylkesstyret. Vegard Smenes, Averøy, var ikkje på val. Som varamedlemmer vart Marte Halvorsen, Halsa (attvalt), Anna Håland Berget, Rauma (ny) og Ole Henrik Rindli, Nesset (ny).