Dette er gjort etter at ein gut, som låg og sov i ei barnevogn åleine på eit rom i ein barnehage i Bergen, døydde etter at han vart kvelt. Dette skjedde i januar i år.
– Vi har gode rutinar for vakthald kring dei minste borna som har behov for å sove i barnehagane. Likevel er praksisen no gjort tydelegare med auka fokus etter initiativ frå styrarane. Nytt er at det no sit vakter kontinuerleg ved barnevognene i nokre barnehagar.
Det fortel seksjonsleiar for Ørsta-barnehagane, Reidun Mo.
I reglementet heiter det m.a. at kvar barnehage må ha forsvarleg tilsyn med sovande barn, og at barnehagane må ROS-analysere tilsyn under soving og utarbeide rutinar basert på analysen. Den skal innehalde punkt om m.a. kvalitet på smokkar, snorer, selar tilpassa barnet, kattar/dyr som kan kome i vogna og overoppheting (sol). Også kidnapping er med på lista.
– Vi bur i Ørsta men kan likevel ikkje vere trygge, seier Reidun Mo.