Mann frå Ørsta omkom i snøskred i Sykkylven

Dårleg ver, men prøvar å hente ut den omkomne

Det er dårleg ver der den omkomne vart teken av snøskred.  Foto: Sunnmørsposten

Nyheiter

Veret skaper utfordringar for skredgruppa som skal hente ut den omkomne mannen frå Ørsta som vart teken av eit snøskred ved Brunstadhornet laurdag.

- Eit redningshelikopter som kom frå Florø står no på Urke og ventar på at veret i skredområdet vert såpass bra at det kan flyge inn redningsgruppa.

Det fortalde operasjonsleiar Kenneth Sætre i politiet i Ålesund til Møre-Nytt litt etter klokka elleve søndag føremiddag.

- Det er betydeleg skredfare i området, og for å gå dit skredet gjekk må redningsgruppa passere eit par rasutsette område, fortalde Sætre.

Han gjorde det klart at dei håper å hente ut den omkomne i løpet av dagen.

Skredet skjedde då eit par, ei kvinne og ein mann,  var på skitur ved Brunstadhornet i Sykkylven.
Etter at ho hadde varsla om skredet, klarte kvinna å lokalisere mannen i snømassane, men då var han omkomen.

I 19-tida laurdag vart kvinna flogen ut frå området og sendt til sjukehus med redningshelikopter.