Ørsta Reiselivslag vert lagt ned

Vil kjøpe turistkontoret

– Det er med litt skrekkblanda fryd eg bed om å få gjere dette. Men eg ønskjer å få det til.

REiseliv: Siri Dahl ønskjer å drive Ørsta turistkontor vidare, etter at Ørsta Reiselivslag vart vedteke lagt ned under årsmøtet torsdag denne veka. T.h. styreleiar i avviklingsstyret, Mats Riise.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Eg har veldig lyst til å prøve å få dette til og etter beste evne jobbe for det eg kan, å formidle og jobbe for reiselivet i kommunen

Siri Dahl
Nyheiter

Siri Dahl, mangeårig tilsett i Ørsta Reiselivslag og ved Ørsta turistkontor, står utan jobb frå 31. august, etter at årsmøtet for reiselivslaget vedtok å legge ned laget, og heller gå saman med andre i ei ny undergruppe ved Ørsta Næringskontor.