Turgåarar har laurdag løyst ut fire snøskred i fjella

Eit skred vart løyst ut også i området Saudehornet laurdag ettermiddag.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det er svært stor skredfare i fjella. I løpet av laurdag har turgåarar løyst ut fire snøskred i fire fjell, tre i Ørsta og eit i Volda. Ingen personar skal ha kome til skade i samband med skreda.

Det første skredet som vart løyst ut var på austsida av Grøtdalstindane i Hjørundfjorden. To personar som utløyste skredet varsla politiet om dette.

-Det er ingen  grunn til å tru der var andre i nærleiken av skredet som er ca 150 meter langt og 40 meter brett, skreiv  politiet på Twitter.

Deretter kom det medling om eit utløyst skred i området Sandegga i Austefjorden.  Skredet er  ca 300 meter langt og har 40 meters breidde.


Litt seinare laurdag ettermiddag var det på Skårasalen eit skred vart løyst ut av eit turfølgje.

- Ingen personar er kome til skade eller er fanga av skredet, skriv politiet på twitter.

Skredet er ca.300 meter langt og ca. 100 meter breidt.

Det siste skredet som vart løyst ut av folk gjekk på saudehornet. Heller ikkje der vart nokon råka av skredet eller kom til skade.

Politiet har oppmoda om å vise stor varsemd i fjella.