Skigåarar utløyste skred i Grøtdalstindane

Dette er eit arkivbilde av Grøtdalstindaane.  Foto: Knut Hustad

Nyheiter

Laurdag ettermiddag vart det utløyst eit snøskred på austsida av Grøtdalstindane.

Politiet melder at ingen personar er komne til skade.

To personar som utløyste skredet varsla politiet om dette.

-Det er ingen  grunn til å tru der var andre i nærleiken av skredet som er ca 150 meter langt og 40 meter brett, skriv politiet på Twitter.