Turfølgje utløyste skred også ved Sandegga

Politiet: Betydeleg snøskredfare i distriktet

Nyheiter

Også i området Sandegga i Austefjorden løyste eit turfølgje ut eit snøskred laurdag ettermiddag.

- Ingen personar er kome til skade. Heller ingen mistanke om at der skal vere andre som kunne vore ramma av skredet, melder politiet.

 Skredet er ca 300 meter langt og har 40 meters breidde.

- Vi minner fjellfararar om betydeleg skredfare i distriktet, skriv politiet på Twitter.