Bondalseidet

Nysnø, men vind stengde trekket

Ørsta skisenter måtte stenge trekket laurdag på grunn av vind

Vindfullt på Nottane, og stengt trekk laurdag.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Planen var å halde ope skiheisa og trekket i Nottane. Det er nysnø og bra forhold, men sterk nordaustvind i høgda gjorde at trekket ikkje vart opna. I morgon er det meldt mindre vind.

Fine forhold i langrennsløypa og barnetrekket laurdag  Foto: Svein Aam

 

I barnetrekket var det derimot vindstille og flotte vinterforhold laurdag. Mange prøvde seg og i langrennsløypa.