Runar på laurdag

Nærast demokrati

Runar Gudnason skriv laurdagskommentarar i Møre-Nytt.  Foto: Svein Aam

Me bestemmer dessverre altfor lite på kommunalt nivå

Nyheiter

Når eg seier det som det er: Norsk alkohollovgiving er altfor restriktiv! – då er det mange av mine utdanna middelklassevener som svarer slik: Det kan ikkje du meine, for det meiner Frp. Dei veit nemleg at eg, til liks med dei sjølve, aldri ville ha stemt på Frp. Men om eg oppriktig meiner at partiet har rett i dette utsegnet, skal eg då late som at eg meiner det motsette? For å vere på lag med dei partia (langt) ut på den andre fløya som eg oftast er einig med?