Møre-Nytt forseinka laurdag

Møre-Nytt er forseinka i Ørsta sentrum laurdag

  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Forseinkinga gjeld to ruter i området Sentrum, Mosmarka, Vallabøen og Grepalida.

- Rutene er igang men klokka blir truleg rundt 12 før dei er ferdige, opplyser distribusjonsselskapet som gjer jobben for Møre-Nytt.

Dei beklager samstundes forseinkinga.

På den eine ruta har det og vore nytt bud den siste veka, noko som også har ført til mangelfull levering. Difor er det fleire abonnentar som har kome dårleg ut. Møre-Nytt beklagar situasjonen.