Eit «førkrigsmenneske» ser tilbake

For 90 år sidan kom Grepa-fabrikken til Ørsta - med båt frå Veblungsnes. Det gjorde Dagfinn Hovden også, og han hugsar det framleis.

Grepalida: Dagfinn Hovden (snart 95) i godstolen framfor peisen heime i Grepalida. Møbelet er ein klassisk Rotting-stol frå Møre Lenestolfabrik, ei bedrift som til liks med Grepa og Mjelva kom til Ørsta i 1929. Hovden fortel i dette intervjuet om historia om veksten og fallet til Grepa - slik han hugsar det.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det var året med børskrakk, og byrjinga på ein økonomisk depresjon. Men det var også året då Ørsta fekk ei bedrift som skulle bli ein av hjørnesteinane i den gryande industribygda: Grepa og Mjelva Fabrikker.