Skumle forhold i fjellet

Difor er det svært rasfarleg

Vind og lett nysnø har skapt farlege forhold i fjellet.
Nyheiter

Biletet er tatt av turfølget til Merete Flø Alsaker på Høgenibba i Hornindal, eit svært populært turmål på ski.

– Store brotkantar på snøskred i dag. Mykje vindtransportert snø i høgda. Fleire skiløparutløyste skred på Sunnmøre. Her ved Høgenibba i Hornindal. Fin ny dag i morgon søndag så ver forsiktig skifolk, skriv Merete Alsaker Flø på sin Facebookprofil.

Flakskred på Høgenibba laurdag.  Foto: Privat

 

Ho fortel til Møre-Nytt at ho vart overraska over snøforholda, på ein dag som elles var prega av solskin og finever i låglandet.

– Vinden bygde opp skavlar veldig fort. Det gjekk tre ras berre i det området eg var, seier Alsaker Flø, som er ein erfaren skiløpar og medlem i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.

Vindfullt på Nottane, og stengt trekk laurdag.  Foto: Svein Aam

 

Dette biletet er tatt ved Nottane i Ørsta i formiddag, der skitrekket til Ørsta skisenter var stengt på grunn av vinden. Den nordaustelege vindretninga førde til at det bygde seg opp skavlar i vestvende heng, og denne snøen la seg opp på hardt underlag.