Hesteklubbane skreiv under leigeavtale

No kan hestefolket snart starte bygging på Mosflata

Det var historisk då hestefolket fredag kunne signere leigeavtale med kommunen.

Avtale: Fredag vart avtalen mellom kommunen og hesteklubbane underskriven. Avtalen gjeld leige på førti år. Frå venstre Margrete Homlong Øyehaug (leiar ØRKK), Kristin Riise (leiar ØVFL), ordførar Stein Aam, Anita Mari Brekke (anleggsnemnd ØRKK), Madsi Vinjevoll (anleggsnemnd ØVFL), Torunn Hjelvik (leiar Vestri) og Elisabeth Busengdal (anleggsnemnd Vestri). Klubbane er svært takksame for ordføraren sin innsats overfor dei.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Etter ein mangeårig kamp har hesteklubbane endeleg fått sitt eige område på Mosflata for hestesport. Og på sjølvaste kvinnedagen kunne ein flokk kvinner med pågangsmot, eldsjeler i hestemiljøet, endeleg få konstatere at ja, no har dei fått sitt eige område for dyrking og utvikling av hestesporten, både for islandshestar, fjordingar og andre hesterasar.