– Forskotterer nedlegging

– Det er vanskeleg å tolke skrivet frå DA på annan måte enn at dei forskotterer at domstolen vert vedtatt nedlagt.

Sorenskrivar: Elisabeth Wiik ved Søre Sunnmøre tingrett i Volda.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det seier sorenskrivar Elisabeth Wiik i Volda, etter at det denne veka vart kjent at Domstoladministrasjonen (DA) set ned foten for at Søre Sunnmøre tingrett kan sjå seg om etter meir eigna lokale. I eit brev frå DA skriv dei at dei ønskjer å vente med dette, til strukturen for domstolane i Noreg er klar. Det skal etter planen skje i løpet av hausten.


Tingretten dømt til å verte verande

Søre Sunnmøre tingrett ser ut til å vere dømt til å halde fram i Sorenskrivargarden inntil vidare. Domstoladministrasjonen har kome til at det ikkje vert høve til å leige nye lokale før strukturen til domstolane er avgjort.

 

– Vi er nok ikkje overraska over skrivet frå DA, sjølv om vi håpte at vi no skulle få nye lokale. Dette føyer seg inn i rekka over budsjettmessige dispensasjonar frå DA si side som går ut over dei domstolane som DA har uttrykt at dei ønskjer å legge ned. Skrivet er for så vidt i samsvar med deira eige styrevedtak frå 2016 om at det ikkje skal skje oppgraderingar av lokale for dei domstolane dei foreslo nedlagt i 2015. Vi stod på den lista, seier Wiik.

Ho fortel at vedtaket har konsekvensar for brukarane av domstolen det komande året.

– Både direktøren og finansdirektøren i DA uttalte i media etter besøk i Volda i 2014 at vi hadde heilt uhaldbare lokale. Dette må brukarane no framleis leve med.

Dagens lokale er ikkje eigna for folk med funksjonsnedsettingar, og dei nyttar Sjukehusvegen 6, ved behov.

– Men dei lokala har verken skikkeleg internett og heller ikkje PC-ar og skjermar til dommarane. Dette gjer sjølvsagt at gjennomføring av digitale hovudforhandlingar vert vanskeleg. Men, når situasjonen er som den er, er vi sjølvsagt glade for at DA dekker kostnadane ved å bruke desse lokala og vi gjer så godt vi kan for at brukarane skal bli møtt med same servicenivå som vi elles tek mål av oss av å gi. Erfaringane så langt er at vi får det til å fungere og dei tilsette gjer som vanleg ein framifrå innsats.

Men optimal, er altså situasjonen ikkje, ifølgje Wiik.

– For brukarane av domstolen og innbyggjarane i rettskrinsen sin del, håpar eg politikarane no er sitt ansvar bevisst og gjer sitt dersom dei ønsker at Søre Sunnmøre som region, framleis skal ha ein brukarnær domstol.