Vedtok å legge ned Ørsta Reiselivslag

– Ein ny start

– Dette er ikkje slutten, men starten på noko heilt nytt.

Årsmøte: Styreleiar Mats Riise t.v. leia årsmøtet i Ørsta Reiselivslag, der berre ein handfull møtte opp, i Ivar Aasen-tunet, torsdag kveld.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Styreleiar i Ørsta Reiselivslag, Mats Riise leia torsdag årsmøtet der reiselivslaget vart vedteke lagt ned. Ein hovudgrunn er den økonomiske situasjonen. M.a. har dei fått ein ny og meir krevjande kvardag etter at det kommunale tilskotet forsvann. Dette handlar om 160.000 kroner som forsvann i 2018 etter budsjettvedtak i kommunestyret.