Tora Ose til Arna Bjørnar

Ørsta-spelar går til Toppserien.

Tora Ose - landslagsdebut - kaptein  Foto: Privat

Nyheiter

Tora Ose har signert for toppserieklubben Arna Bjørnar, melder Arna Bjørnar på deira fb-side.

Tora Ose (15) skal spele for Ørsta i vårsesongen, og overgangen vert fullført til sommaren. Frå hausten av skal Tora gå på toppidrettsgymnas i Bergen.

Tora Ose debuterte på J15-landslaget i fjor, og det resulterte mellom anna med at ho fekk bere kapteinsbindet.