God dag-praten med Lene Borgersen

«Om eg skulle vere ordførar i ei veke ville eg vel nytta høve til å jobbe målretta mot opprusting av Hovden skule»

  Foto: privat

Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Eg har ein spennande og lærerik kvardag takka vere kjekke og dyktige kollegaer på rådhuset i Volda kommune. Heime i Hovdebygda har eg sambuar og to flotte barn, og kvardagen er ofte fylt med aktivitetar, lekser og andre praktiske gjeremål. Eg har eit mål om å kome meg ut i frisk luft kvar dag, og er veldig glad i å trene. Elles er eg vel det mange vil kalle ein «strikkenerd».