Dødsulykke i Eiksundtunnelen

Tunnelen open etter ulykka

Dødsulykke i Eiksundtunnelen i natt. Tunnelen var stengt til måndag ettermiddag.

Eiksundtunnelen vart stengt måndag morgon  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Om lag klokka 16:45 melde Statens vegvesen at det igjen var fri ferdsel i tunnelen.

Ulykka, der ein mann omkom skjedde i natt:

Politiet skreiv på Twitter tidleg måndag: Eiksundtunnelen: "Ulykka i tunnelen er alvorleg Eit køyretøy og ein person er involvert. Tunnelen vil bli stengt i ei lengre periode. Det vil bli skilta omkøyring"

Oppdatering klokka 0700: " Eiksundtunnelen: Ein person har omkome i ulykka. Arbeidet på staden vil medføre at tunnelen blir stengt på ubestemt tid."

Ulykka skjedde i 4:30 tida i natt. Etter det Møre-Nytt får opplyst har ein person vore inneklemt i ulykkessbilen. Det skal ikkje ha oppstått brann i samband med ulykka,men brannvesenet var på staden for å få sjåføren ut av bilen. Både kriminalteknikarar og ulykkeskommisjonen til vegvesenet skal gjere undersøkingar. Det betyr at tunnelen truleg vert stengt ut over morgonen.

Operasjonsleiar Arild Reite ved politiet sin operasjonssentral opplyser at kriminalteknikarar var på staden ved 6:30 tida, og at vegvesenet sin ulykkeskommisjon var på veg.

– Det vil ta timar før vegen vart opna, om det vert ein-to- eller tre er uråd å seie no, sa Reite litt etter klokka 6:30.

Han opplyser at ein bil har køyrt i veggen nesten heilt nede i Eiksundtunnelen, og at det er store materielle skader. Det var ingen vitne til ulykka.

 

På Ørsta- Volda sida er vegen stengt ved rundkøyringa i Furene, og bilistane vert omdirigert. Også på Eiksundsida er Statens Vegvesen til stades for å omdirigere trafikken.