Trur på brakval

– Her er alle generasjonar representerte, seier Karen Høydal, om dei tre øvste på Ørsta Arbeidarparti si liste for kommunevalet.

Ap-toppen: Karen Høydal er Ap sin ordførarkandidat. Elise Stokken og Alexander Riise Olsen er dei to andre kumulerte kandidatane på lista.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

– Vi har ei liste med stor breidde, både i alder og geografisk representasjon, seier Høydal, som er kumulert saman med Alexander Riise Olen og Elise Stokken.

Høydal er klar for ein ny periode i politikken etter å ha vore varaordførar dei siste fire åra. Vervet vart sikra etter ein samarbeidsavtale mellom Senterpartiet og Framstegspartiet, som førde Stein Aam (Sp) til topps på rådhuset.