Stengjer fylkesveg grunna rasfare

Nyheiter

Fv 651 i Volda mellom Fyrde og Straume vart stengt i dag ved Høydalsneset klokka 10.00. Årsaka er fare for ras. Vegtrafikksentralen midt opplyser at det vert gjort ei ny vurdering av rasfaren onsdag.

Fv 41 mellom Leira og Viddal vart stengt måndag kveld grunn rasfare. Tysdag vart vegen opna att, men like før klokka 14.00 tysdag meldt Vegtrafikksentralen om at vegen er stengt att. Det vil bli gjort ny vurderingar onsdag.

Fv 40 mellom Åmelfoten - Innselset i Volda kommune blir stengt frå klokka 18.00 tysdag grunna rasfare. Det vil bli gjort ei ny vurdering onsdag.