Nærmar seg ferdigstilling av fonnvernet

Skredsikringa av Vallabøen har stått stille sidan før jul, men no lovar Ørsta kommune at arbeidet vil verte ferdigstilt.

Skredvoll: Sommaren 2018, og arbeidet med skredvollen på Vallabøen var godt i gang. No har det vore stopp i arbeidet grunna konkurs i K A Aurstad. Foto: Kjell Arne Steinsvik  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Arbeidet stoppa opp som følgje av konkursen i K A Aurstad. Arbeidet starta sommaren 2018 og hadde god framdrift fram til konkursen, skriv Ørsta kommune på heimesidene sine.

– Arbeidet er godt over halvvegs, men det står att å bygge voll over elva og avslutning i aust, i tillegg til internvegar, naudsynt sikring og tilstelling.