"Ferja er hovudpulsåra for Skår"

– Vi har fått ei større tru på at det kan verte framhald i ferjedrifta på Skår. Det er heilt avgjerande for at bygda skal leve vidare.

Ferjekaia: Ørsta kommune har sett av pengar, og seier fylkeskommunen ja til framhald i ferjedrifta, vert ferjekaia på Skår rusta opp.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det seier Johan Skår, ein av to grunneigarar på Skår. Han har no fått melding om at fylkeskommunen vil handsame saka om ferjeanløp til Skår politisk i mai.

«Det vil bli framlagt ei sak til samferdselsutvalet den 7. mai om dette. Då vil vi få ei politisk avklaring på korleis denne ruta skal vere vidare,» heiter det i eit skriv frå maritim rådgjevar Atle Råstad i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.