Alle kommunane er testa på til saman nesten 30.000 opplysningar via telefon, e-post og nettsider.
Best i Noreg er den vesle kommunen Nesset i Møre og Romsdal.
– Gratulerer til Nesset kommune! Dei forstår kor viktig det er å snakke med innbyggjarane sine, og gi raske og gode svar. Dei viser at dei tek på alvor at kommunen har tenester som er viktige i liva våre, seier forbrukerdirektør Inger Lise Blyverket i ei pressemelding.
Ho viser til at kommunane til dømes har ansvar for at innbyggjarane har lege og skule å gå til, vatn i springen og omsorg når folk vert gamle.
– Difor er det viktig at det er enkelt å kome i kontakt med kommunen og at dei gir gode svar, seier ho.
Forbrukerrådet sine folk søkte informasjon om skulefritidsordning, byggesakshandsaming og moglegheita for å få fast heimehjelp. Svara vart vurdert etter kor raskt det kom, og relevans. Alle 422 kommunar i Noreg vart testa. Det vart sendt tre separate e-postar, og ringt to telefonsamtalar til kvar kommune. I tilllegg har dei leita etter 24 ulike informasjonselement på kvar kommune si nettside, på både mobil og stasjonær datamaskin.
Ørsta og Volda
I Møre og Romsdal kom Ørsta på niandeplass blant dei 35 kommunane i fylket, og 101. plass nasjonalt, blant landets 422 kommunar.
Volda kom på 11. i fylket, og 118. plass nasjonalt.
Etter Nesset, med sine rundt 3.000 innbyggjarar, følgde Bergen på ein 2. plass.
– Vi kan difor konkludere med at det er mogleg for å alle å gjere det bra – både David og Goliat kan få det til, seier Blyverket.